Hopp til innhold

Trugar med kyrkjebrannar

Sunnfjordingen med artistnamnet "Gaahl" i blackmetalbandet Gorgoroth trugar med fleire kyrkjebrannar.

Vokalisten Gaahl i blackmetal-bandet Gorgoroth
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

30-åringen kjem med utsegnene i den kanadiske filmen "Metal - a headbangers journey", som vart vist i Lydverket på NRK1 onsdag.

Lovar kyrkjebrenning

I filmen får vokalisten i det verdskjende blackmetalbandet Gorgoroth frå Bergen spørsmål om kyrkjebrannane i Norge på 90-talet.

- Eg støttar sjølvsagt kyrkjebrenning hundre prosent. Det burde vore mykje meir kyrkjebrenning, og det vil det også bli i framtida, er svaret.

- Satan det viktigaste

Etter at programmet vart sendt, understrekar sunnfjordingen overfor Bergens Tidende at han meiner alvor, og at han ikkje sa dette berre for å sjokkere.

- Sjølvsagt er det alvorleg meint.

I den kanadiske filmen får han og spørsmål om kva som er det viktigaste i bandet sin musikk:

- Satan, svarar Gaahl.

Nominert til Spellemannsprisen

Ole D. Hagesæther, biskop i Bjørgvin, reagerer på utsegnene.

- Er dette med kyrkjebrannar sagt på alvor, så er det skikkeleg alvorleg. Det har vi jo erfaring for, seier han til Bergens Tidende.

Biskopen reagerer også på at Gorgoroth er nominert til årets utgåve av Spellemannsprisen.

- Mitt spørsmål til nominasjonsnemnd og jury blir: Kan ein sjå bort frå heilt basale, grunnleggjande moralske krav i denne samanhengen? Det håpar eg at juryen og folk flest har i tankane, seier Hagesæther.

Truga med å drikke blod

BT skriv også at politiet i Bergen har merka seg utsegnene. Dei vil no gjere visse undersøkingar.

Gaahl vart for snart to år sidan dømd til 14 månader i fengsel etter at han mishandla ein mann og truga med å drikke blodet  hans.