Sleggekastaren vann i helga seniorklassa under Tyrvingleikane. Med eit førstekast på 62,93 meter feia ho også all tvil til side og sikra seg billetten til E-cupen i Gateshead.
Hennar argaste konkurrent, Katja Vangsnes (Vidar), måtte ta til takke med andreplass etter eit lengstekast på 60,39 meter.
– Det var siste sjanse, så eg bestemte meg for å sette foten ned. På grunn av studiar måtte eg takke nei for to år sidan. I år ville eg vere med, seier Trude Raad.
Kjende presset
Med kastdronninga Mona Holm gravid, har Vangsnes og Raad kjempa om retten til å delta i europacupstemnet.
Før stemnet i helga hadde Vangsnes årets lengste sleggekast for kvinner – og dermed Europacupbilletten i lomma. Tyrvingleikane i Bærum var siste sjanse til å endre på dette.
- LES OGSÅ: Medaljedryss over Sogn og Fjordane
– Eg kjende presset og hadde mykje adrenalin i kroppen. Men det var truleg berre bra. Eg visste at eg måtte prestere for å kvalifisere meg til E-cup. Etter førstekastet kjende eg ikkje det same presset. Då visste eg at billetten var i boks, seier ho.
– Trude er i rute att
Etter å ha surfa gjennom aldersklassane med norske rekordar og gullmedaljar i hopetal, har GFIL-utøvaren ikkje utvikla seg så mykje som ho skulle sett dei siste åra.
Både i Florø sist helg og Bærum denne helga, har formpila peika oppover. Kastseriane blir lengre, og også enkeltkasta blir lengre med årsbeste to helgar på rad.
– Ho har venta på at det skal losne, noko det ser ut til å ha gjort. No er ho berre 1,30 bak persen sin og vi kan seie ho er i rute att, seier ein nøgd trenar Jørund Årdal.
Til Helsinki
Frå før er Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø TIF) klar for Europacupstemnet. Her konkurrerer Norge blant dei beste nasjonane, Super League.
Det er dei beste norske utøvarane i kvar øving som blir kvalifisert til stemnet neste helg.
– Mange av kastarane er gode for over 70 meter, så konkurransen blir hard. Men eg håpar å kjenne same presset som i helga, slik at det blir ny personleg rekord. Det hadde vore kjekt å prestert i E-cup, avsluttar Raad.