Hopp til innhold

I går debuterte 16-åringen for Brann sitt A-lag – målet er Real Madrid

Seksten år gamle Oliver Rotihaug frå Eid fekk spele siste halvtimen mot Ålesund i treningskampen i går. – Det var verkeleg ei stor oppleving, seier stortalentet.

Oliver Rotihaug

DEBUTERTE: 16 år gamle Oliver Rotihaug frå Eid spelte ein halv time mot Aalesund.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Den 16 år gamle angrepsspelaren fekk den overraskande beskjeden om at han skulle spele på laurdag. Han rakk å verte nervøs, men når han sprang på bana forsvann nervane.

– Når eg kom inn var eg ikkje nervøs lenger. Eg var berre glad og smilte eigentleg. Det var så bra stemning på tribunen, seier Rotihaug

Debuten enda med uavgjort 1-1 mot Aalesund. Rotihaug er nøgd med innsatsen på den halvtimen han fekk.

– Eg klarte meg greitt. Det er ganske høgt nivå. Men eg jobba på og gjorde det eg kunne, seier han.

Når det unge talentet skal fortelje kva han kan, er han svært beskjeden.

– Eg har bra tempo i kroppen. Eg er rask. Og så jobbar eg hardt og mykje. Det er vel eigentleg det.

Mykje trening

Rotihaug er fødd i 1997, og fyller 17 år i 2014. Han går fyrste året på vidaregåande skule, på Toppidrettslina på Åsane Vidaregåande Skule.

– Vi har morgontrening i skuletida kvar dag. I tillegg har vi også kveldstrening kvar dag. Den vert styrt av Olympiatoppen, i samarbeid med Brann. Eg trenar med Utviklingsavdelinga til Brann, seier Rotihaug

Der trenar klubben sine talent mellom 15 og 19 år. To treningar til dagen.

– Det var veldig tungt i starten. No har det vorte ein vane. Men det er krevjande. Eg må restituere meg til kvar økt med riktig mat og kvile når eg kan, seier han.

Trass det harde treningsregimet, vert ikkje Rotihaug lei.

– Eg tykkjer det er veldig kjekt., og vert aldri lei!

(Artikkelen held fram under biletet)

Oliver Rotihaug

EID: Her er Rotihaug i aksjon for sin gamle klubb Eid moot Sogndal 2 våren 2013.

Foto: Stig Høynes

Trivst i Bergen

Det er eit stort steg å flytte heimanfrå og til den nest største byen i Noreg som sekstenåring. Rotihaug har takla overgangen bra.

– Eg trivst veldig godt, og har fått mange nye vener. Men det er sjølvsagt stor forskjell på Eid og Bergen, seier han.

Rotihaug bur åleine i Bergen, og seier at han nokre gonger saknar vener og familie på Eid. Likevel angrar han ikkje på ny adresse Bergen.

– Overgangen har gått betre enn forventa. Eg har veldig store ambisjonar, og då følte eg at å gå til Brann var rett. Her får eg trene med folk på min alder som er veldig gode, seier han.

Store ambisjonar

Eidaren siktar svært høgt, og ønsker å nå langt med fotballen. Men han vil ta det steg for steg.

– Målet mitt i år er å spele fast for Brann 2 i andre divisjon. I tillegg håpar eg å få hospitere litt med a-laget, og trene litt med dei.

Det unge talentet legg ikkje skjul på at han vil til noko av det beste fotball-Europa har å by på.

– Den store draumen er å spele for Real Madrid og å komme på landslaget etter kvart, seier Rotihaug.

Debuten for Brann har berre auka motivasjonen.

– Det er veldig inspirerande. Eg vil jobbe hardt for å bli best mogleg og få spele meir, seier han.