Med om lag 30 oppdrag på berre to månader, har det vore meir å gjere enn venta på førehand, seier Henry Indrebø. Han er lensmann i Gulen og nestleiar i styret for det frivillige redningskorpset som er stasjonert i Gulen og Solund.
100 frivillige
Langs kysten har folk lenge meint at det var for langt mellom dei livreddande spesialfartøya. Men etter å ha venta i fleire år, tok ytresogningane saka i eiga hand. 15. mai i år vart den flunkande nye redningsskøyta R/S Utvær til ein verdi av fire millionar døypt og sett i drift. Båten er nesten fullfinansiert med innsamla midlar, og har eit korps på omlag 100 frivillige.