– Vi fekk nettopp meldinga, og har ikkje meir informasjon akkurat no, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.
Køyrde i støypekant
Klokka 18.24 seier Værøy at uhellet skjedde ved Instedalen i Naustdal.
– Bilen køyrde i ein støypekant og hamna på taket. Det var ein person i bilen, seier han.
Politiet veit førebels ikkje noko om skadeomfanget til kvinna i bilen.
– Men vedkomande er medviten, seier Værøy.
Ikkje alvorleg personskade
Klokka 19.13 opplyser politiet til NRK at kvinna ikkje vart alvorleg skadd i uhellet.
– Ho er frakta til lege for kontroll. Dette har gått bra, seier Inge Værøy.
Kvinna er i 50-åra. Årsaka til utforkøyringa er førebels ikkje kjent. Saka vert vidare etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.