20 år gamle Jan Roger Klakegg frå Jølster har sjølv fått smerteleg erfare kor gale det gå, og han meiner det er på høg tid å prioritere rassikring. Det er mindre enn eitt år sidan han mista begge beina etter ei rasulukke på riksveg fem ved Kjøsnesfjorden – same strekninga der 67 personar vart innesperra av i alt 20 ras i helga.
Eit under
Det var eit under at alle desse kom velberga ut av rasinfernoet, men så heldig var altså ikkje Jan Roger Klakegg.
– Det var ikkje mange steinar som trefte meg, men det var nok til at det gjekk veldig gale. Det er dårleg viss dei ikkje har tenkt å gjere noko med denne vegen – dei kan ikkje sitte og sjå på at folk lir for å spare pengar, seier Klakegg, som er svært skuffa over politikarane.
Jan Roger Klakegg mista altså begge beina i ras. Den tidlegare elektrikarlærlingen fekk livet snudd opp ned, og i snart eitt år har han trena hardt det for auget å klare å gå igjen.