Hopp til innhold

Tømmer olje frå 1944

”Welheim” har vore ein miljøtrussel i 64 år. Men no skal skipet snart tømmast.

Undervassbilete frå krigsvraket "Welheim".
Foto: Runar Hove

Les og: Melder staten til politiet

Les og: Oljelekkasjar frå tysk skip

- Det går ut anbod ganske kjapt, og me reknar med at arbeidet skal vere gjort i løpet av sommaren, seier statssekretær i Kyst- og fiskeridepartementet Vidar Ulriksen.

- Kor mykje pengar er løyvd?

- 25 millionar kroner. Det er basert på kostnader med å heve liknande vrak, seier Ulriksen.

Senka av torpedo

”Welheim" var eit tysk lastefartøy som i november 1944 vart senka av ein norsk motor torpodo-båt i Stavfjorden sør for Askrova. Vraket inneheld 300 tonn olje, og denne gule, og illeluktande syntetiske dieselolja frå krigsåra har stadig stege opp til overflata.

Farleg lenge

Alt i 1993 uttalte Kystverket at skipet burde hevast for å hindre miljøøydeleggingar i eit område med eit rikt dyreliv og gode fiskeplassar, og tidlegare i år melde Sogn og Fjordane Venstre staten til politiet. Men styresmaktene har altså ikkje funne pengar før regjeringa la fram revidert nasjonalbudsjett torsdag.

- Det har teke lang tid i den forstand at vraket har lege der lenge. Men det som er nytt no er at lekkasjen har auka. Dermed vurderer vi den no som eit tilfelle av akutt forureining og difor sette vi i gang ein aksjon, seier Ulriksen.