Hopp til innhold

Tomgangskøyring kan vere lovbrot

Mange køyrer bilmotoren på tomgang når det er kaldt ute. Men: det kan vere ulovleg.

Parkerte biler som går på tomgang
Foto: Paul K Egell-Johnsen / NRK

- Det er vanskeleg å seie kor utbreidt det er, men tomgangskøyringa er veldig synleg no om dagen. Det er kaldt, og mange let bilen stå og gå medan dei er på butikken - og det er ikkje bra, seier Steinar Drægni.

Ubehageleg og forsurande

Drægni er leiar i Årdal Tenk Tryggleik, og reagerer på det han meiner er unødig køyring på tomgang i tettstaden i Sogn.

I Sogn Avis fortel han om mange meldingar frå butikktilsette, som får arbeidsmiljøet sitt forsura fordi bilar står på tomgang utanfor butikklokala.

- Det er klart dei får eit dårlegare arbeidsmiljø. Dørene går opp og att, og det kjem kaldare luft inn - men også eksos. Det er ubehageleg, og forsurar miljløet, seier Drægni til NRK.

Eksos
Foto: JOE RAEDLE / AFP

- Stopp og lås bilen

Det er særleg etter at vinterkulda sette inn for fullt at tomgangskøyringa gjer seg gjeldande. I tillegg til at eksosen er til plage for butikktilsette, fører det med seg eit element av forureining.

- Eg forstår at ein kan la bilen gå på tomgang av komfortable omsyn. Men når ein har komme så langt som til butikken, er jo bilen rimeleg varm allereie. Då skal ein sikre bilen ved å stanse den og låse før ein går på butikken, seier Drægni.

Er omtala i vegtrafikklova

Det kan dessutan vise seg å vere ulovleg å la bilen gå unødig på tomgang.

I vegtrafikkloven er det nemleg ei forskrift om trafikkreglar, der det i §16 heiter følgjande:

I eller ved bebyggelse må det ikke foregå unødvendig og forstyrrende kjøring med motorvogn. Der må det heller ikke foregå bruk av motor på tomgang eller annen bruk av motorvogn som volder unødig støy eller unødig utslipp av røyk eller gass.

Forskrift om kjørende og gående trafikk

- Spørsmålet er kva som er unødig eller ikkje. Om ein køyrer på tomgang om morgonen medan ein skrapar is, så må ein få lov til det - men ved butikken meiner vi det er unødig. Og politiet er samde med oss, seier Drægni.

- Kan bli straffa

Sjølv fortel Drægni at han dagleg ser barn som sit åleine i bilen medan motoren går på tomgang.

- Det er ikkje bra. Køyretøyet skal vere sikra, og eg trur nok ikkje slikt er naturleg å gjere i Bergen eller Oslo, seier han.

- Politiet seier at det er lov å forlate bilen ulåst. Men med ein gong nøklane står i tenningslåsen, er det eit lovbrot - og det kan straffast, seier Drægni.