Hopp til innhold

Tok gull og sølv på same tid

Sara Fiskaa Haugen tok både gull og sølv under NM i fjelltelemark på Åndalsnes laurdag.

Kinesisk utfor/Fjellsportfestivalen

VANN: Sara Fiskaa Haugen hente heim både gull og sølv under NM på laurdag. (Biletet er frå Kinesisk utfor under Fjellsportfestivalen der ho vart nummer tre i juniorklassen).

Foto: NRK/Sondre Dalaker

15-åringen som representerer Luster Telemark kjempa seg inn til gull i juniorklassa. Senior-NM og junior-NM gjekk samtidig, og med den sterke prestasjonen fekk Fiskaa Haugen også sølv i seniorklassa.

– Dette er ein imponerande prestasjon, som toppar ein god sesong for Sara, skriv skikrinsen i ei pressemelding.

I tillegg vart Øyvind Vagstad frå Syril IL nummer fem i herreklassa under junior-NM.