Hopp til innhold

To ras stengjer rv 55

E39 ved Langeland i Gaular er no opna igjen etter at det gjekk eit ras der tidlegare i kveld. No stengjer to ras riksveg 55 i Balestrand.

Vegtrafikksentralen fekk melding om raset like før klokka 17. Raset gjekk ved Langelandsvatnet. Den sterke vinden og dei store nedbørsmengdene har skuld i raset.

Ikkje lenge etter raset på E39 fekk vegvesenet melding om at det hadde gått to ras på riksveg 55 ved Lånefjorden mellom Høyanger og Balestrand.

Liv Bulling i vegvesenet opplyser at vegen tidlegast vert opna på tysdag.

- Vi må ha ein geolog på staden før vi kan opne vegen, seier Bulling.