Hopp til innhold

To melde for vald mot medelev

To elevar ved ungdomsskulen i Høyanger er melde til politiet for å ha utøvd vald mot ein medelev.

Høyanger skule

MELDE: To elevar ved ungdomsskulen i Høyanger er melde til politiet for valdsbruk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet stadfestar overfor Sogn Avis at to elevar ved ved ungdomsskulen i Høyanger er under etterforsking for å ha utøvd vald mot ein medelev.

- Vi har fått ei melding frå fornærma i ei hending på skulen. Det vil bli gjort avhøyr av alle involverte dei nærmaste dagane, og saka er under etterforsking, opplyser lensmannskontoret i Høyanger til avisa.

Ifølgje rektor Solveig Berstad Sande har skulen utvist dei to elevane i tre dagar - den strengaste reaksjonen skulen i høve reglementet kan ta i bruk.

– Miljøet ved skulen er vanlegvis harmonisk, og denne episoden høyrer til dei meir sjeldne, seier Berstad Sande til Sogn Avis.