Kvart år spelar Rikskonsertane 9000 konsertar for 600.000 norske skulebarn. Alle landets kommunar tek dei i mot, med unnatak av to: Os og Askøy kommune er ikkje interessert i å få Rikskonsertane på besøk.
Det får sjef for Rikskonsertane, Turid Birkeland, til å reagere.
– Eg er uroa for kulturtilbodet til barna. Det er bra for ungar å få oppleve musikk og konsertar på skulen sin.
Kun to kommunar i Noreg takkar nei
Os kommune har som den einaste kommunen i landet aldri deltatt i programmet. Dei satsar heller på eit lokalt kulturtilbod, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).
– Me får gitt elevane ein introduksjon til Kulturhuset og dei aktivitetane som går føre seg der veldig tidleg. Elevane får ta del i konsertar og arrangement av god kvalitet.
No vil heller ikkje Askøy kommune ha Rikskonsertane på besøk.
For å få Rikskonsertane til kommunen må Askøy ut med 112.000 i eigendel. Staten legg ut fire gonger så mykje, men summen vert likevel for høg, meiner fagsjef i kommunen, Åge Rosnes.
– Me har sett på tilbod me kan gje elevane våre opp mot det økonomiske utlegget. Konklusjonen har vorte at me seier opp avtalen, seier Rosnes.
– Går glipp av ein halv million kroner
Rosnes seier Askøy kommune har ein god kulturskule, og at tilbodet til skulebarna difor er godt i varetatt.
– Eg vil jo tru at dei har ein del andre kommunar å spele i som ikkje har same dekning på kulturskulen som me har, seier han.
Å tenkje slik er ein svært dårleg strategi, meiner sjefen for Rikskonsertane.
– Eit tankekors for Askøy må vere at ved å ikkje betale 100.000 kroner, går dei glipp av 500.000-600.000 som dei elles ville ha fått. Dei pengane blir no borte og kjem ingen til gode, seier Birkeland.
At Askøy har kulturskule er inga unnskyldning meiner Rikskonsert-sjefen.
– Kulturskular finst det i nesten alle landets kommunar. Eg tykkjer det er veldig, veldig trist at barna på Askøy er i ferd med å gå glipp av dette tilbodet som alle andre barn i landet får.