– Vi har fått melding om eit trafikkuhell på Hemsedalsfjellet, opplyser Olaug Holme ved operasjonssentralen til politiet.
Det skal ha vore ein front-mot-front-kollisjon, og bilane skal ikkje vere køyrbare.
Naudetatar vart kalla ut til ulykkesstaden.
Etter at politiet kom fram til staden fekk dei avklart at det ikkje skal vere personskade.
Dei gjennomfører undersøkingar på staden og forholdet vert vidare etterforska av Aurland lensmanskontor. Årsaka til trafikkuhellet er førebels ikkje klart.