Hopp til innhold

Tine fredar meieriet på Byrkjelo

Tine er så nøgd med meieriet på Byrkjelo, at dei fredar verksemda - trass i at ein rapport viser at det vil vere lønsamt å ha færre meieri på Vestlandet.

Meieriet på Byrkjelo

FREDA: Meieriet på Byrkjelo.

Foto: Ottar Starheim

– Konsummjølkproduksjon og distribusjon frå anlegget på Byrkjelo skal halde fram omtrent som i dag, seier Leif A. Berge.

Han er regiondirektør i Tine region vest, og har nyleg motteke ein rapport som syner at det vil vere lønsamt for konsernet å tappe mjølk på færre meieri mellom Bergen og Trondheim.

- Byrkjelo fungerer veldig bra

I den ferske rapporten kjem det fram at Tine ikkje har planar om å gjere noko som helst med meieriet på Byrkjelo.

- Kvifor er andre meieri i faresonen, men ikkje Byrkjelo?

- Dette går på avstand og kostnader på transport og distribusjon i høve det å samle oss på færre stader. Det er store avstandar og kompliserte distribusjonsvegar på Vestlandet, og anlegget på Byrkjelo fungerer veldig bra - og då vil vi gjerne ha det slik vi vil har det, seier Berge.

Vurderer færre meieri på Vestlandet

Rapporten viser at Tine vil gjere størst innsparingar ved å leggje ned drifta på Høgset i Gjemnes kommune på Nordmøre.

- TINE opplever auka konkurranse på både ost og mjølk. Vi er difor nøydde til å redusere kostnadane og auke effektiviteten, sier visekonsernsjef Stein Øiom i ei pressemelding.

I dag vert det tappa mjølk på fem meieri mellom Bergen og Trondheim. Dei tre meieria i Byrkjelo, Ålesund og Høgset er utgreidde i ulike kombinasjonar, der den største innsparinga på omlag åtte millionar kroner vil komme ved å avvikle meieriet på Høgset.