Tiltalte møtte ikkje
Ingen av dei to tiltalte møtte i Bergen tingrett då rettssaka mot dei to skulle starta i dag. Ein 37-åring frå Romania er tiltalt for hallikverksemd. – Han er i Tyskland og har vald ikkje å møta. Eg var i kontakt med han i går, og vil ikkje kommentere utover det, seier forsvarar Ole Petter Grythe-Hoff.