Hopp til innhold

Tiltalt for smuglig av 350 kg hasj og kvitvasking av pengar

Ein 37-åring frå Fana og ein 34-åring frå Åsane er tiltalte etter den såkalla mafiaparagrafen. Politiet meiner det to, saman med fire andre menn utgjorde ei kriminell gruppe.

Det skriv Bergensavisen på nett.

Det var i april 2012 at Oslo-politiet slo til og kverrsette 100 kilo hasj i ein varebil i hovudstaden. Narkotikaen skulle frå Austlandet til Bergen, og politiet slo til etter lang tids spaning.

– Ei av dei største sakene i Bergen

No har statsadvokaten i Hordaland tatt ut tiltale mot seks menn, inkludert dei to bergensarane. Ifølgje BA er dei andre heimehøyrande i Oslo, Storbritannia og Tyskland.

– Saka er ei av dei største og mest omfattande narkotikasakene som er avdekka i Bergen, seier statsadvokat Rudolf Christoffersen til avisa.

13,3 millionar kroner

Den no tiltalte 37-åringen frå Fana skal ha sitje bak rattet på varebilen då politiet slo til på Alnabru i Oslo.

Ifølgje tiltalen meiner politiet å ha bevis for at dei tiltalte også stod bak to andre turar der 250 kilo hasj vart frakta frå Aust- til Vestlandet. Dette har dei tiltalte også vedgått.

Dei nektar derimot for heleri og kvitvasking av pengar, til saman 13,3.

Saka kjem for retten i oktober.