Hopp til innhold

Tilbake til ølpol i Florø?

Overraskande kuvending i Bystyret.

Ølbokser og ølflasker
Foto: Illustrasjonsfoto, Scanpix / Scanpix

I staden for å godkjenne ein stor bunke søknader om sal av øl i ulike butikkar som venta, gjorde Florø bystyre i går ein brå kuvending og varsla at ølpolet kan bli gjeninnført alt om eit år.

- Alkoholbruken har ikkje vore større sidan 1860. Når skal vi snu i Florø og prøve å få redusert alkoholbruken, sa Åge Larsen (Ap) til Firda.

Les og: Snart butikkøl i Sogndal

Les og: Vil selje øl i butikkane

Knapt fleirtal

Med eit knapt fleirtal bestemte bystyret seg for at butikkane sine øl-løyve berre skulle fornyast med eitt år. Innan dei går ut har bystyret vedteke at dei skal ta opp ein ny debatt om gjeninnføring av ølpol byen.

- Eg trudde faktisk dette var ein deabtt som var avslutta for lengst, sa Jacob Nødseth (H) til Firda.

- EG ser nok gladare ut no enn eg pleier i slike debattar, sa Odd Stubhaug, sokneprest og Krf-representant til Firda etter møtet.