Hopp til innhold

Til Tyskland for å syne fram fylket

Aurland og Lærdal Reiselivslag, Reisemål Stryn og Nordfjord og Reisemål Sunnfjord vil vere representerte under årets Grüne Woche i Tyskland.

Grüne Woche i Berlin

Her ser vi frå Grüne Woche under arrangementet i fjor.

Foto: Mads Opsahl/Innovasjon Norge

1600 utstillarar frå 75 land er påmelde til gigantmessa Grüne Woche som går av stabelen i Berlin i tidsrommet 15. til 24. januar neste år.

Blir publikumstilstrøyminga som i fjor, vil om lag 400.000 vere innom mat- og reiselivsmessa. Dei lokale aktørane får dermed ei glimrande mulegheit til å profilere merkevarene sine.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk skal stå får den offisielle opninga av Norge sin stand.