Ulukka skjedde i ein sving like aust for Lærdal sentrum, ved Hauge. Føraren vart sendt til Lærdal sjukehus, men viste seg å vere uskadd.
– Vedkomande var oppe og gjekk, så det verka ikkje som det var veldig alvorleg, sa operasjonsleiar for politiet, Olaug Holme like etter ulukka.
Bilen var så å seie heilt ute av vegen og var ikkje til hinder for anna trafikk.
Årsaka til ulukka er ikkje kjend, men det er ikkje mistanke om rus. Ifølgje ein NRK-tipsar har bilen truleg snurra rundt nokre gonger i samband med ulukka.
Klokka 20.15 melder politiet at bilen er fjerna.