Hopp til innhold

Til Molde for å måle seg

Etter uavgjort mot nybergsund og 2-1 seier over Haugesund skal Sogndal i dag spele mot Molde. Det er ein privat treningskamp som starta klokka 18.

Sogndal fotball

Arkiv

Foto: MMS- Arve Uglum / NRK

Assistenttrenar Ole Hjelmhaug seier dei dreg til Molde for å teste seg og trene.

- Vi reiser til Molde for å gjere ein god figur og måle oss mot tippeligamotstandarar og få litt referansar.

- Kva betyr en seier over Molde for laget i dag?

Det betyr at vi er i rute, og at vi har fått målt oss mot ein tippeligamotstandar. Eg reknar med dei stiller med fullt mannskap og gir oss god motstand

- Dette er jo berre ein treningskamp. Kor viktig er det vinne?

- For vi som er glad i fotball betyr resultatet ein del. Men først og fremst er det for å øve på det vi trener på gjennom vinteren. Vi skal forberede oss til sesongstart, og med god motstand får vi ein viss peikepinn på korleis vi ligg an.

- Terje Skjeldestad står i mål i dag. Betyr det at han er førstekeeper denne sesongen?

- Det valet har vi ikkje teke enda. Men vi bytter på det under treningskampane, og tek ei endeleg avgjerd når det nærmar seg seriestart. Men Terje har godt av å spele mange kampar.