Hopp til innhold

Tente faklar for ny skule

500 born og vaksne på Landås protesterte i kveld mot planane til byrådet om å flytta elevane inn i gamle Ulriken skole.

Fakkeltog Landås

Fakkeltoget torsdag kveld markerte skuffelsen over at byrådet i Bergen ikkje vil byggja ny skule på Landås likevel.

- Me har gått i mange år og venta på ny skule på Landås, og me har blitt lova ny skule år etter år. No er me leie av løftebrot, seier leiar av Foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU) Anund Rannestad.

- Skuffa

Landås skule er forfallen og inneklimaet dårleg. Derfor har Bergen kommune i lang tid planlagt å byggja ein ny skule. Men for tre veker sidan snudde byrådet plutseleg i saka. No vil dei heller flytta dei inn i dei gamle lokala på Ulriken skole.

- Me er skuffa og rett og slett utruleg sinte over dei planane som brått har dukka opp frå Filip Rygg. Ulriken er ikkje eigna som permanent skuleløysing, seier Rannestad.

Mykje engasjement

Etter berre tre dagars mobilisering, møtte heile 500 born og vaksne opp for å gå i fakkeltoget på Landås torsdag kveld.

- Det at me får med så mange på så kort tid, viser jo noko av engasjementet i denne saka. No håpar me byrådet tar signalet, seier Rannestad.

Skreiv brev til Rygg

Sunniva Andrésdotter Vik (8) går i 3. klasse på skulen og var med i fakkeltoget torsdag. Ho skreiv eit brev til skulebyråd Filip Rygg då ho fekk høyra om forslaget.

– Eg blei lei meg då eg fekk vita det, og eg skreiv at eg ikkje likte planen, fortel Sunniva til ba.no.

LES BREVET FRÅ SUNNIVA TIL FILIP RYGG (under)

Brev frå Sunniva
Brev frå Sunniva2
Brev frå Sunniva3