Hopp til innhold

Tente 100 millionar i fjor

Fiskeoppdrettar Ola Braanaas i Gulen kan sjå tilbake på eit kanonår i fjor.

Ola Braanaas

GODE TIDER: Oppdrettsgründer Ola Braanaas har grunn til å smile om dagen. Her er Braanaas fotografert under helgas Utkantfestival, festivalen han sjølv er vertskap for.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Av ein omsetnad på knappe 400 millionar, sat Braanaas-selskapet Firda Management att med 100 millionar kroner, skriv Intrafish.no.

Produserte mindre - tente meir

Gode lakseprisar i 2009 gjorde sitt til at resultatet auka frå 29 millionar i 2008 til vel 100 millionar kroner før skatt i fjor. Dette trass i at produksjonen var noko lågare enn året før.

Braanaas, som også er kjend som mannen bak restaureringa av den gamle handelsstaden Skjerjehamn - anlegget som husa Utkantfestivalen, er heileigar av Firda Management gjennom selskapet Firda Eiendom der han sit på alle aksjar. 48-åringen hadde i 2008 ei personleg formue på 184 millionar kroner.

Oppdrettskonsernet ventar gode resultat også i 2010 og viser til at prisane har halde seg stabilt høge.

Mange selskap

Det Gulen-baserte konsernet Firda Management består av selskapa Firda Settefisk, Firda Settefisk Alvøen, Firda Sjøfarmer, Firda Seafood og Martin Birknes eftf.

Konsernet driv settefiskanlegg og oppdrett av laks og aure, slakteri, fersk- og frysepakking av oppdrettsfisk, og eksport av laks og aure.

Resultatet frå Firda Management føyer seg inn i ei lang rekkje gode årsresultat frå oppdrettarar i Sogn og Fjordane den siste tida.