Hopp til innhold

Denne kvartetten skal gi deg julestemning

Operahuset sa nei til store nasjonale artistar for å gi rom til eit lokalt firkløver. Fredag er det duka for urpremiere for det lokale juleshowet på Nordfjordeid.

Julekava på Nordfjordeid

EIN HANE: Rune Sunde (t.v.) er einaste hane i firkløveret med Laila Beathe Førde, Hege Kristin Lillestøl Naustdal og Grethe Berntzen. – Dei er tre vakre og flotte damer som treng kvar si støtte til ei kvar tid. Eg skal hjelpe så godt eg kan om det er servering, tørke støv eller andre ting som går på det musikalske, ler Sunde.

Foto: Silje Guddal

Lederhosen, alpelue, hettegenserar, kvite kapper og julepynta skjørt så korte at dei ikkje kan bøye seg.

Det er berre nokre av rekvisittane Laila Beathe Førde, Hege Kristin Lillestøl Naustdal og Grethe Berntzen treng for å setje publikum i julestemning. Godt hjelpt av Rune Sunde.

– Når du får 90 minuttar å boltre deg på i Operahuset så får du mange rare idear, humrar Berntzen.

Ein plutseleg idé

«Julekaka» er det smått passande, og tidsriktige, namnet på juleproduksjonen. Ei oppsetjing dei meiner passar for alle, men kanskje aller mest for vaksne over 18 år.

Og det var Førde som samla saman trådane, og sette heile prosjektet i gang for fire år sidan.

– Eg er eit kreativt lada menneske som plutseleg får idear som eg vil teste ut i live, så då kom vi etter kvart hertil, humrar ho.

Full klaff

Frøet til framsyninga vart sådd under julegallaen i 2011. Førde spann vidare på ideen og fekk stadfesta mistanken om full sosial og musikalsk klaff for den kvinnelege trioen.

Fredag ynskjer dei publikum velkomne inn si julepynta stove, til det dei kallar ei musikalsk forundringspakke i Operahuset på Nordfjordeid.

– Her skal vi få publikum til å kose seg og slappe av og forhåpentlegvis gå ut att og tenkje at dei skal kave litt mindre til jul. Dei får høyre noko dei ventar – men også ting dei slettes ikkje ventar, smiler Naustdal lurt.

Kjenner nervane

Gjengen er godt i gang med dei siste prøvane. Som også er av dei første med både band og rekvisittar på scena i Operahuset på Nordfjordeid.

Sjølve meiner dei å vere godt i rute til fredagens premiere. Og dei neste tre framsyningane av eit musikalsk forankra juleshow, med artige dialogar og ein god porsjon humor. Som dei skildrar «Julekava».

– Nervane har eg kjent på ei stund, men det er ekstra spennande å møte bandet og få testa ut alt på scena med rekvisittar og kostyme. Eg kjenner på det, vedgår Berntzen.