Hopp til innhold

Ta opp kampen mot vegglusa

Veggdyr, eller vegglus, er nattaktive og lev skjult om dagen.

Er det veggdyr i soverommet, er det viktig å kontrollere moglege gøymestadar. Dette kan vere tidkrevjande, men ved å bruke insektgift på sprayboks kan veggdyret bli så plaga at det kjem ut frå gøymestaden. Middelet kan også ta livet av vegglusa.

Bruk munnbind

Ein kan også bruke pyretrum, permetrin og andre pyretroider til å utrydde veggedyra. Behandling med pyretrum må ofte gjentakast med ei veke mellomrom.

To til fire timar etter sprøyting kan rommet luftast ut, og daude og forgifta dyr kan støvsugast saman. Reduser innanding av midlane ved bruk av tørt munnbind.

Kulde drep

Kulde (fryserom, fryseboks) og varme (badstu) kan brukst til å drepe veggedyr i møblar og tøy. Vanleg isspray som du får på sportsbutikkar kan også brukast til å fryse ned og drepe veggdyr i mindre omfang. Hugs å ventilere godt.

Veggedyret sin aktivitet stoppar etter kvart opp under 13-15 °C og under 10 °C legg den ikkje egg. Vert vegglusa utsett for -18 °C i en time vil alle stadier døy.

Kontakt ekspertar

Veggedyret toler heller ikkje høge temperaturar, og alt ved 36-37 °C i fuktig luft vil mange døy. Den øvre temperaturgrensen vegglusa toler er 44-45 °C. Alle stadier drepes ved å utsettes for 50 °C i et par timer.

Ved et omfattende og større angrep bør et skadedyrsfirma kontaktes.

Kjelde: Wikipedia