Hopp til innhold

Syr uniformer til heile landet

Politiet, Forsvaret, NATO, Statens vegvesen, flyselskapet Norwegian og tallause andre står på kundelista til verksemda Uniformpartner i Selje.

Created by InfoDispatcher

– Sjølv er eg litt svak for ein del flyuniformer, og eg tykkjer den uniforma som vi no har produsert for langdistanserutene til Norwegian er kul, seier dagleg leiar Geir Årvik,

– Litt flyinteressert som eg så drøymer eg av og til om at var eg som skulle hatt den kapteinsuniforma, drøymer Årvik, der han syner oss rundt i produksjonslokala i Selje.

Uniformproduksjon

UNIFORMPRODUKSJON: På denne maskina blir intrikate bedriftslogoar og uniformsdetaljar til.

Foto: Silje Guddal / NRK

Verksemda har røtene i gamle Selje Skjortefabrikk. I dag heiter verksemda Uniformparter, det er nye eigarar og hovudproduksjonen av klede skjer i Litauen. Men finpussen vert framleis gjort i Selje. Sjølv om Årvik framleis berre må drøyme om flygaruniforma, stiller han om ikkje anna i skjorte frå eigen fabrikk

– Kvit skjorte, og den er produsert av oss. Det er ei Seljeskjorte, eg kan jo ikkje gå i anna.

Frå skjorte til uniform

På 1960-talet jobba rundt 100 tilsette ved Skjortefabrikken Selje, i dag er dei 19. Sjølv om produksjonen av klede no skjer i Litauen, er det likevel mykje aktivitet på sysalen i Selje.

Ingrid Rikheim

PRODUSERER UNIFORMER: Ingrid Rikheim har jobba på sysalen i Selje sidan tidleg på 1960-talet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ingrid Rikheim har 50 år bak seg på sysalen i Selje, kor mange skjorter det har blitt har ikkje tal på.

– Å, er mange, mange det, ler ho.

Det største forandringa frå då til no er at produksjonen er stillare.

– Det var meir bråk den gongen, elles så sat vi med kvart vårt. Eg var vel innom det meste. Ei stund så feste forstykke og sette på snippar og mansjett, og til slutt så sydde eg vel eigentleg heile skjorta.

Eitt tungt val

For 15 år sidan han konkursspøkelset over skjortefabrikken. Eigarane måtte ta ei tung avgjerd, legge ned eller gjere store endringar.

Selje skjortefabrikk

DEN GANG DÅ: Sysalen til skjortefabrikken i Selje ein gong på 1960-talet.

Foto: Selje skjortefabrikk

– 30 arbeidsplassar, hovudsakleg kvinnearbeidsplassar forsvann. I dag er eg glad for det valet vi tok, og vi har 19 arbeidsplassar her i selje i dag.

I fjor omsette dei 19 tilsette i Uniformpartner i Selje for over 50 millionar kroner. Verksemda som har spesialisert seg på uniformer av alle slag.

– Vi har vore heldige, og forhåpentlegvis dyktige og fått ein del kontraktar med det offentlege dei siste åra. Ved hjelp av dei nye eigarane våre har vi gradvis i gått over frå å vere ein skjorteprodusent til å bli ein totalleverandør av uniformer.