Synkeholet er oppdaga i Lille Øvregaten i Bergen sentrum. Det er sett opp provisoriske sperringar og politiet er på staden.
Det er brustein som har sokke kring ein til ein og ein halv meter ned i bakken.
– Det kan vera eit vassleidningsbrot eller anna som er årsak til det. Vi veit ikkje sikkert enno. Vi er på veg for å undersøka, seier driftsleiar Håkon Fasting ved vaktsentralen i Bergen kommune.
Ikkje fare for utviding
Etter at kommunen sine ekspertar har tatt ein nærare kikk på synkehullet, blir det konkludert at overvatn har vaska vekk massane. Det skal ikkje vera leidningsbrot som er årsaka til at holet har oppstått.
– Det er heller ikkje fare for at dette holet skal utvida seg, seier driftsteknikar Kristian Mjelde etter å ha undersøkt holet.