Ulukka blei varsla til AMK nokre få minutt før klokka 10 om føremiddagen.
– Vi har fått stadfesta at personen er omkomen, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Vest politidistrikt til NRK.
Onsdag kveld får NRK opplyst at den omkomne er ein mann i 40-åra, og at han er heimehøyrande i distriktet.
Naudetatane og luftambulansen kom raskt fram til ulukkesstaden, og vegen som lenge var stengt er no opna.
– Etterforsking av hendinga tydar på at syklisten sykla inn i søppelbilen som sto stille i vegen. Utfallet av dette var at syklisten omkom, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Vest politidistrikt til Fjordingen.
Det bygde seg opp lange køar på riksveg 15 på begge sider av ulukka, som skjedde like ved Kleivenes camping.
– Åstaden er sikra. Vi vil no halde fram med etterforskinga, seier Rimmen.
Riksveg 15 forbi ulukkesstaden er no opna. Brann og politi dirigerer trafikken.