Hopp til innhold

Anka svindeldom til lagmannsretten – må ut med 100.000 kroner meir

Gulating lagmannsrett har dømt ein mann i 50-åra til fengsel i ti månader for å ha svindla den tidlegare sambuaren sin. Tre månader av straffa blir på vilkår.

Gulating lagmannsrett

ANKEN VART DYR: Mannen anka dommen frå tingretten til Gulating lagmannsrett. Det resulterte i strengare straff og meir å betale i erstatning.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

I tillegg må mannen betale ei erstatning på 536.217 kroner til eks-sambuaren. Dette er nesten 100.000 kroner meir enn det Sogn tingrett avgjorde i november i fjor.

I tillegg må han sone to månader meir i fengsel enn det tingretten dømde han til. Det var den dømde som anka dommen i tingretten. Anken kosta han med andre ord dyrt.

Dei to var sambuarar i 15 år, fram til 2010. I 1997 fekk dei kjøpe ein eigedom svært rimeleg av faren til den kvinnelege parten i sambuarskapet. Av ulike grunnar var det den no dømde mannen som formelt kjøpte eigedommen for 600.000 kroner.

Kvinna prøvde etter kvart å kome inn på eigarsida, men dette var mannen ifylgje lagmannsretten lite viljug til. Først då han trengde pengar til å kjøpe båt gjekk han med på det. I 2000 betalte kvinna 600.000 kroner for halvparten av eigedommen.

Brann, nytt hus og sal

Så – i 2002 – vart eigedommen totalskadd i brann. Det vart utbetalt vel 3,2 millionar kroner i erstatning, og nytt bustadhus vart oppført. I 2009 vart eigedommen seld for 4,25 millionar kroner.

Etter det sat sambuarparet att med vel 1,6 millionar kroner i overskot. Pengane vart plasserte på ein fleksilånkonto. Kvinna fekk del i til saman 138.335 kroner av desse pengane.

Frå 2009 til 2011 overførte mannen i fleire omgangar pengar frå fleksilånkontoen til sin personlege konto, i juli 2011 var det att berre 576 kroner på fleksilånkontoen.

Festar ikkje lit til forklaringa

Lagmannsretten festar ikkje lit til forklaringa til mannen, og legg til grunn at han «forsettleg og uberettiget i vinnings hensikt» underslo pengane til eks-sambuaren.

Dermed må han betale 536.217 kroner til den tidlegare sambuaren, i tillegg må han og ut med sakskostnader på 5000 kroner. Lagmannsretten dømmer han og til ti månaders fengsel, av dette må han sone sju månader, resten er på vilkår.

Eit mindretal i retten, to av meddommarane, ville at fem månader av straffa skulle vere på vilkår, det vil seie at mannen skulle sleppe med å sone fem månader.