Hopp til innhold

Svanger med bok, barn og Barne-TV

Solveig Hareide har mange jarn i elden. Ikkje berre ventar ho barn i januar, men ho går også svanger med bok og ein ny runde med suksessen i Barne-TV med Kosinus.

Solveig Hareide

SVANGER: Alle gode ting er tre - Solveig Hareide går svanger med barn, bok og Barne-TV.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den kjende programleiaren frå Florø, Solveig Hareide, har spennande tider i møte. Ho ventar barn i januar, og ho er i ferd med å skrive bok og skal avslutte innspelinga av ei ny runde med barne-favoritten Kosinus.

Kosinus og Solveig

BARNE-TV: Solveig Hareide og Kosinus har som hovudoppgåve å lære barn om matematikk.

Foto: NRK

Godt humør

– Det blir ein hektisk innspurt før jul, seier ei smilande og lattermild Solveig. Andre juledag er det stopp. Då går ho nemleg ut i svangerskapspermisjon. Det trur ho er bra.

For i samband med innspelinga av ei ny runde med barne-favorittdragen Kosinus måtte ho klatre og hoppe i tre og bratte skrentar.

– Det var ikkje bekkenet mitt heilt klart for, seier ho og ler.

Solveig Hareide

BARNAS FAVORITT: Solveig Hareide har mange små fans som kjem bort og tar ho i handa etter suksessen på Barne-TV med Solveig og Kosinus.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det gode humøret og den positive florøjenta starta NRK-karriera si ved NRK Nynorsk mediesenter. Ho har heile tida hatt eit ønskje om å kombinere det å forklare samanhengar og underhalde.

Kosinus må ha hjelp

–Det er kjempespennande å jobbe for og med barn. Dei er så ærlege og seier det dei meiner. Dei kan vere utfordrande, særleg på opptak. Men det er jo også utfordrande å jobbe med ein drage, seier Solveig og skrattler.

Ho kan ikkje seie for mykje om den blå dragen Kosinus som har ein lei tendens til å havne i uføre og et tal, og då må Solveig redde han.

Hareide kan avsløre at Kosinus ofte blir veldig varm og må ha både luft og vatn.

–Dessutan ser han dårleg og går ofte på ting. Som barn, ler Solveig som ikkje kan avsløre meir om det.

Bokprosjekt

Solveig Hareide og serien med Kosinus har vorte så populær at ho har gjeve ut fleire bøker i samband med serien der målet er å lære born matematikk.

Tre bøker er oppgåvebøker og ei lesebok. Fram til jul skal ho dessutan gjere ei ny bok ferdig.

Solveig Hareide er programleder for Kosinus.

SOLVEIG HAREIDE: I super-kostyme må Solveig redde makkeren Kosinus når han har ete eit tal. Det har gjort ho til ein favoritt blant barn.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Eg skal lage ei bok der målet er å lære ungane å telje til ti, seier ho og ler for ho har ikkje starta på boka og treng idear til korleis boka kan skrivast.

Barn sjølv

–Eg gledar meg veldig til å få eige barn. Det blir heilt sikkert eit nytt liv. Men eg gledar meg og er klar for at det nok blir eit nytt liv som ventar ho.

Hareide har termin i januar så ho håpar ikkje babyen kjem før.

–Eg håpar han ventar til januar slik at han bli eldst i klassen og den smartaste. Og så må han jo bli best i matte, ler ho.