Hopp til innhold

Trossar vêr og vind for å surfe

Snø eller storm? Ja takk, begge deler for surfarane ved Stadhavet.

Video Surfing på vestlandet

Foto: Lars Erik H. Andreassen

På ein hemmeleg stad langs den norske vestlandskysten surfar fem studentar frå høgskulen i Volda. Det er fire grader i lufta og ti i sjøen. Bølgjene er opp mot to meter høge, med andre ord perfekte surfeforhold.

Haustvêr er inga hindring

– Temperaturen i vatnet bryr eg meg ikkje om, Det er fint når det er litt kaldt, då er det ikkje så mange som surfar.

Surfing ved stadhavet

I BØLGJESKUMMET: Jørgen Rodem på brettet sitt.

Foto: Lars Erik Haukedal Andreassen / NRK

Jørgen Rodem frå Oslo har surfa i tre år. Han gjekk på folkehøgskule i Lofoten saman med Patrick Kolstad. Der lærte dei seg å surfe, og dei har surfa aktivt sidan.

– I dag var det ikkje så kaldt. I Lofoten surfa eg i sterk vind og seks minusgrader, det hang istappar ned frå hetta på våtdrakta.

Seier Patrick Kolstad, og legg til at kulden ikkje plar vere noko problem.

– Blir det kaldt er det berre å legge på svøm, då får eg fort varmen i kroppen igjen!

Vil halde stranda hemmeleg

– Ein stor del av det å surfe er å finne "spottane" sjølv. Eg bruker mykje tid med kart og køyrer rundt og leiter etter fine plassar å surfe. Når eg finn ei urørt vik med bra bølgjer, vil eg ikkje at alle skal vite om han.

Jørgen deler "spottar" med sine nærmaste kameratar, men prøver å halde dei skjerma for offentlegheita.

– Me vil gjerne dele bølgjene, men det er ikkje sjølvsagt at me skal fortelje kor me surfar til andre. Plassen får dei finne sjølv, men når dei kjem er dei hjarteleg velkomne.

Surfarar frå heile verda

Studentane frå Volda kjem frå forskjellige stader i landet.

– Eg føler meg heime på strendene på Jæren.

Esben Tipple lærte å surfe på Jæren folkehøgskule og har elska det sidan. Han seier at dei møter surfarar frå mange forskjellige stader på strendene, og det er ikkje alltid dei snakkar norsk.

– Eg veit ikkje om folk reiser frå heile verda berre for å surfe på Stad, men det kjem folk ifrå heile Norge. Den mest kjende staden er Hoddevika i Sogn og Fjordane. der er det veldig fint, men den lange kystlinja gøymer mange uoppdaga surfeperler.

– Surfing er blitt ein livsstil

Surfing ved stad

EKSTASE: Esben Tipple og Aleksander Vågsholm surfar ved Stadhavet.

Foto: Lars Erik Haukedal Andreassen / NRK

Aleksander Vågsholm frå Bergen har surfa i fire år. For han var sporten ein naturleg overgang frå anna brettsport som snøbrett og rullebrett.

Aleksander seier at han surfar kvar gong det er gode forhold. Det kan vere opptil fleire gonger i veka, men og så sjeldan som ein gong i månaden. Hauststormane som mange gruer seg til, ser Aleksander fram til, då er det ofte gode forhold.

– Då restane av stormen Irene trefte Norge tidlegare i sesongen var eg nesten meir i vatnet enn eg var på land. Då var det supert å surfe.

Ruskevêr – ei del av opplevinga

surfing ved stad

SURFING VED STAD: Sigbjørn Melvær og Esben Tipple rir ei bølgje.

Foto: Lars Erik Haukedal Andreassen / NRK

Hauststormane er ideelle for surfarane, då bles det godt til havs og store bølgjer knuser mot strendene langs norskekysten.

– Forholda er best om hausten og vinteren. Det er ikkje anna å gjere enn å pakke seg godt inn i våtdrakt og tåle kulda om ein vil nyte bølgjene.

Naturen, havet og samhald med kameratar er det Esben Tipple likar best med surfing. Sjølv om finvêr om sommaren er vel og bra, er ikkje ruskevêret så gale det heller.

– Me bur i Norge, skitver er berre noko me må tåle om me vil surfe. Dessutan er det ei spesiell kjensle å sitje på brettet ute i vatnet og sjå på at snøen lavar ned.

Solnedgang ved stad

SOLNEDGANG:– Det er to månader sidan eg har surfa i så bra vêr, seier Aleksander Vågsholm.

Foto: Lars Erik Haukedal Andreassen / NRK