Hopp til innhold

Leverte sterkt i Norgescupen

Ann Kristin Aafedt Flatland (Vik) knuste alle i sitt siste løp før verdscupcomebacket. Og Håvard Gutubø Bogetveit (Førde) tok nok eit steg mot junior-VM under Norgescuprenn i skiskyting på Sjusjøen.

Håvard Gutubø Bogetveit

MOT VM: - Ingenting er avgjort, men det ser bra ut med tanke på junior-VM, strålar Håvard Gutubø Bogetveit etter laurdagens sprint.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Håvard Gutubø Bogetveit fekk to bom på ståande skyting, men gjekk klart raskare enn konkurrentane og vann den eldste juniorklassa med 16 sekund.

Med det tok han også nok eit steg mot junior-VM.

– To bom på ståande på ein sprint er ikkje bra nok, men eg gjekk heldigvis fort i sporet så det heldt til siger, seier han.

Godt steg

Fredrik Gjesbakk (Bossmo & Ytteren) og Håkon Svaland (Lillehammer) tok dei neste pallplassane. Med ytterlegare ein 2., 3. og 4. plass i uttaksrenna, ligg skiskyttaren frå Førde godt an i kampen om ein plass til junior-VM.

Gutubø Bogetveit har junior-VM som sesongens store mål.

– Eg ligg jo bra an. Det er eitt uttaksløp att, og dei tre beste konkurransane som tel, seier han.

Går først ut

Fem løparar blir uttekne til junior-VM. Av desse er tre allereie førehandsuttekne. Johannes Thingnes Bø kjempar om ein skjønnsplass, medan Gutubø Bogetveit kjempar om den siste plassen.

Førde-løparen presiserer at han ikkje tek noko for gitt.

– Eg startar 16 sekund framfor næraste konkurrent, men det er ikkje dermed sagt at eg vil vinne. Det er mykje lettare å angripe bakfrå. Ofte er det nummer to eller tre som vinn, seier han og vedgår at han likar dårleg å gå først ut på jaktstarten.

Likar dårleg

– Eg er meir glad i å og kanskje betre på å angripe enn å forsvare, og plar prestere betre når eg angrip. Går du først, så har du ikkje noko å strekkje deg etter, samstundes som du kanskje blir litt uroa over at andre kan ta deg att. Det er lett at tankane tek overhand, seier han.

Ann Kristin Aafedt Flatland, comeback på Beitostølen

OVERLEGEN: Utan dei beste norske skiskyttarane på startstreken vann Ann Kristin Aafedt Flatland ein overlegen siger.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ei som ikkje går søndagens jaktstart er Ann Kristin Aafedt Flatland. Skiskyttaren frå Vik fekk fullt hus og knuste konkurrentane med over to minutt då ho vann sitt tredje norgescuprenn.

– Eg fekk trene bra i jula og forma kjennest ganske bra ut. Veldig nøgd med fullt hus, men eg har litt å gå på det fysiske, seier ho.

– Eg er klar no

Laurdagens sprint på Sjusjøen blir hennar siste renn før verdscupcomebacket i Rupholding kommande fredag.

– Eg kjenner meg klar no, og føler meg betre rusta enn før jul. No skal eg samle krefter og ikkje brenne opp alt krutet til fredagen. Det var greitt å gjennomføre løpet i dag og få litt spenning i muskulaturen, seier ho.

– Kor høgt trur du at du kan hevde deg?

– Vanskeleg å seie, men det handlar jo om det same i verdscupen som i noregscupen. Du må skyte blink og skyteforma har fungert bra. Det er det fysiske det står på, seier ho.

Flo Bødal på 3.

Fleire av skiskyttarane frå fylket leverte sterke plasseringar under norgescuprenna på Sjusjøen. Mellom anna gjekk Markane-skiskyttarane Lars Midthjell Gjørven (M18) og Johan Eirik Meland (M19) gjekk inn til høvesvis 6. og 8. plass.

Isak Flo Bødal (Stårheim) gjekk inn til ein sterk tredjeplass i klassa menn 18 år. Klubbveninnene Mari Sollid Eide (K18), Heidi Flo Bødal (K19) vart høvesvis nummer seks og fem.

Av utøvarane frå Vik gjekk Seline Voll (K17) og Eirinn Teigen Kvåle (K18) inn til høvesvis 6. og 7. plass.