Suksess for høgdegalla

Høgdegallaen under Gamalostfestivalen i Vik vart ein sportsleg suksess, både for publikum og utøvarar.

16-åringen Terje Målsnes frå Vik sette ny personleg rekord med eit hopp på 1,86. 14-åringen Vigdis Hove, også ho frå Vik, svinga seg over 1,55.

13-åringen Jens Kristian Andenæs frå Gloppen imponerte med eit vinnarhopp på heile ein meter og seksti under hoppkonkurransen i Vik sentrum.