Spiren Barnehage i Aurland og Furuhaugane barnehage i Flora er to av fleire private barnehagar som i dag aksjonerar.
Nei til kommuneansvar
Regjeringa har gått inn for å fjerne ein paragraf i barnehagelova. Den sikrar no likt tilskot til born i kommunale og private barnehagar.
Men dei tilsette i dei private barnehagane meiner at paragrafen sikrar like godt tilbod til alle born.
Det vert streik over heile landet, og dei private barnehagane held stengt frå 12.00 og ut dagen i dag.