I dag vert Hovland operert.
Ute i 12 veker
Det var under oppvarminga før kampen mellom Sogndal og Hønefoss at han skada seg.
- Eg sprang etter ein ball og skulle hente den. Så landa eg feil med foten, og det kjendte eg godt, seier han.
Og foten braut då han landa på den. Ambulansen kom, og han vart frakta til Førde sentralsjukehus.
- Det er vanvittig surt. Eg hadde gleda meg til å kome i gong att, og så skjer dette.
Opererer i dag
I dag skal han på operasjonsbordet.
- Eg får nokre skruer i ankelen, så ventar gips i 12 veker. Etter det vert det opptrening, seier Hovland.
Stortalentet var ute i haust med skader, og var klar til å gjere ein innsats på fotballbana att.
- Eg var ute i fjor, og no held det fram. Men eg må sjå på det positive, og kome sterkare tilbake seinare.
- Det vert ei annleis påske enn det du hadde forventa deg?
- Ja, det var ikkje slik eg hadde tenkt det, men eg får ikkje gjort noko med det no.
Sms tikkar inn
Men sjølv om han er på sjukehus, er det mange som tek kontakt.
- Eg har fått ein del meldingar, og det er hyggeleg. Det hjelper meg gjennom dette, seier han.