Hopp til innhold

Stort utbrot av skabb på sjukeheim

FLORØ (NRK): På Furuhaugane omsorgssenter i Florø har det blitt oppdaga eit stort skabbutbrot. Heile avdelinga må no få behandling. – Me ser ei auke i heile landet, seier FHI.

Sjukeheimen furuhaugane i Florø

UTBROT: Ei heil avdeling på Furuhaugane omsorgssenter får no skabbehandling

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er sjølvsagt vanskeleg når ein får det på ein institusjon med eldre og opptil fleire på ein gong, seier institusjonslege Ronny Cassells.

16 av 20 bebuarar på ei avdeling ved Furuhaugane omsorgssenter har fått påvist skabb.

Cassells seier at det ikkje er meir skabb i Florø enn andre plassar, men at det går i syklusar med fleire års mellomrom.

– Nasjonalt har me sett ein dobling kvart år dei siste åra, i så stor grad at apoteka har hatt problem med å levere desse medisinane, forklarer kommunelegen til NRK.

Ronny Cassels

FÅR HJELP: Institusjonslege Ronny Cassells har fått assistanse frå hudlege ved Helse Førde

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Gjev sterk kløe

Skabb er ein hudsjukdom som kjem av ein skabbmidd som grev gangar under huda og legg egg. Typiske symptom er ei plutseleg kløe, som vert opplevd som mest intens om natta, ifølge NHI.

For å verte kvitt skabb må ein vaske klede, handklede og sengetøy som har vore i kontakt med huda. Tøy som ikkje toler høg varme må frysast. Det kan vera krevjande når det gjeld alle 20 på avdelinga.

Skabb

SKABB: Slik kan eit skabbutbrot sjå ut. Skabbmidden går under huda og legg egg

Foto: Hudavdelingen, Stavanger universitetssjukehus

– Ein må vera ganske nøye og patentleg på rutinane, fortel Cassels.

Eit aukande problem

Dei siste åra har skabbsmitten i Noreg auka.

Seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet, Horst Bentele, seier det har auka sidan 2006, og spesielt mykje sidan 2017. Bentele seier han er usikker på kva som er grunnen.

– Det er ikkje godt å vite. Det er ikkje lenger meldeplikt, slik det var fram til 1994. Då må me forhalde oss til konsultasjonar og sal av medisin, som gjer oss ein peikepinn på, seier Horst Bentele frå FHI til NRK.

Sjølv om han ikkje har eit svar på årsaka til auken, utelukkar han at det kan smitta frå dyr, då FHI sine rapportar viser at den typen skabb ein finn på dyr, er ein annan type enn den som dukkar opp på menneske.

Vanskelegare å behandle

Sjølv om skabbsmitten aukar, vil ikkje FHI karakterisere det som ein folkesjukdom.

Det dei kan sei, er at skabbein i det siste har vist seg å vera vanskelegare å behandle. Det har gjort til at ein sterkare medisin no er det føretrekte middel for behandling.

– I tillegg har me utvida innverkingstida frå åtte til minst tolv timar, forklarar Bentele.

Innverkingstida refererer då til tida frå du smør deg inn med salven, til du skal dusje det av deg. I tillegg til at middelet skal verke lenger, har dosen auka betrakteleg dei siste to åra, ifølgje FHI.

Det er 20 bebuarar på avdelinga der ein er skabbsmitten har hatt utbrot. Av desse har 16 av dei fått skabb. Det er totalt 43 bebuarar på heile omsorgsbustaden.