Hopp til innhold

Stort ras stengjer E16

Eit stort steinras stengjer Europaveg 16 like sør om Gudvangen i Aurland.

Ras på E16
Foto: Jon Atle Jordalen

Raset er 50 meter langt og 8-10 meter på det høgste. Vegen vil ikkje opne att i dag.

Vegmeldingssentralen har ikkje full oversikt over raset, men seier at det førebels ikkje ser ut til at personar er kome til skade.

Sjå bileta av ras og flaum

Operasjonsleiar Per Rimmen seier at politiet i Lærdal er på staden.

- Det er lite sannsynleg at nokre er tekne av raset, men veret gjer at det ikkje er forsvarleg å byrje å rydde raset i kveld. Vi håpar på å få rydda opp så raskt som mogleg, men sikkerheiten kjem fyrst, seier han.

Utan telefondekning

Ras på E16 ved Gudvangen
Foto: Jon Atle Jordalen

Både fasttelefonnettet og mobilnettet er nede i Gudvangen.

- Vi har store problem med å få tak i folk i området på grunn av at telefon-nettet er nede. Men vi har fått stadfesta at raset er større enn dei som har kome der før, seier vaktoperatør Kjetil Molvær ved vegmeldingssentralen.

Ras og flaum

Årsaka til raset er store mengder nedbør den siste tida.

E16 er stengd ved Gudvangen

Ei vakt stoppar trafikken på E16 ved Gudvangen.

Foto: Arne Veum

Det har også rasa mellom Stalheim og Sivletunnelen, og vegen vart stengd. Vegen her er no open for fri ferdsel.

I tillegg er det flaum ved Skromle bru mellom Tvinde og Sundve. Her er vegen open for store køyrety. Personbilar får ikkje passere på grunn av at det er 49 centimeter vatn i vegbana.

Raste nedover fjellsida

Arne Bakkedal var på veg mot Voss då han vart augevitne til raset som gjekk like før klokka 15.

- Vi kom køyrande og det regna voldsomt. Eg måtte slakke ned farten for eg såg ikkje vegen. Då eg kom rundt ein sving måtte både eg og ein annan bil bremse. Det låg steinar i vegen og vi såg at det kom steinar som raste nedover fjellsida. Trea vart lagt flate og vegen sperra.

Onsdag føremiddag skal ein geolog opp i helikopter for å undersøkje rasstaden. Det er førebels uvisst kor tid vegen kan opnast.

Sjå oppdaterte vegmeldingar her

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.