Hopp til innhold

Storberget opna basen

Justisminister Knut Storberget opna onsdag føremiddag redningshelikopterbasen i Florø.

Justisminister Knut Storberget opnar redningshelikopterbasen
Foto: MMS-foto: Eli Eikenæs Vengen

Det var ein stor dag for Florø og for kysten då statsråden kunne markere formelt at basen er opna.

Lang og hard kamp

For det var ein lang og hard dragkamp før regjeringa i juni 2006 gav grønt lys for å legge ein base for redningshelikopter i kystbyen. Sterke krefter i Forsvaret var imot å leggje ein base der, og saka låg lenge til behandling i Justisdepartementet før avgjerda kom.

Redningshelikopter i Florø

Barnehageungar i Florø fekk sjå nærare på redningshelikopteret.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Florø mot Vigra

Først var det ein hard dragkamp med Vigra om lokalisering, sjølv om eit utval alt i 1996 gjekk inn for Florø. Først i 2001 gjekk regjeringa inn for at basen skulle leggjast til Florø.

Underskriftsaksjon

Så var det mange som meinte at ein ny base på Vestlandet ville bli for dyr og at det ville gå ut over dei eksisterande basane. Våren 2006 var det ein underskriftsaksjon med 10.000 underskrifter til støtte for Florø-basen, og i juni same året kom endeleg avgjerda.

Gedigen kake

Men i dag er basen klar til bruk, og det vart feira, mellom anna med ei gedigen kake, som barnehageungar i Florø fekk vere med og smake.

Barnehageungar på opning av redningsbasen
Foto: MMS-foto: Eli Eikenæs Vengen