Stor fart i Flåm
To bilførarar er melde til politiet og fekk inndrege førarkorta etter at dei passerte ein UP-kontroll i 133 og 131 kilometer i timen. Kontrollen vart halden på E16 i Flåm. I tillegg var det tre som fekk forenkla førelegg for mindre fartsoverskridingar.