Hopp til innhold

Stor etterspurnad etter gardsmat

Lokal mat er trenyd og aldri før har lokale produsentar selt så mykje lokal mat.

Aud Slettehaug

POPULÆR MAT: Aud Slettehaug seier at etterspurnaden etter gardsmat er stor.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Bondens Marked har hatt rekordomsetning i 2010. No etterlyser organisasjonen fleire produsentar og endå fleire ulike smakar på menyen.

Marknadsleiar i Bondens Marked, Aud Slettehaug, seier etterspurnaden har vore svært stor.

– Det går så det susar, og det er veldig kjekt. Vi har hatt eit strålande år. Det er mange matfestivalar og kulturarrangement som satsar på lokal mat.

Alle sel bra

Gardsmat

GARDSMAT: Eit utval av lokal mat.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Bondens marked
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Lefserullar
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Bondens marked er eit konsept der bøndene sjølv sel den varen dei har dyrka eller foredla. Det går så bra at Slettehaug håper at fleire vil selje gardsmat.

– Vi ønskjer at mange fleire foredlar råvarene sine og kjem til Bondens marked.

Tilbakemeldingane frå dei som er med, er gode.

– Nokre sel så bra på garden at dei ikkje treng å reise til torg, medan andre brukar torg og matfestivalar til å nå ut.

Tek fram tradisjonane

Ho trur at folk set pris på lokalprodusert mat fordi det er ei motvekt til alt det standardiserte som er å få kjøpt.

– Vi har mista litt av matkulturen, difor ser mange moglegheita til å ta fram tradisjonane igjen. Folk reiser meir og meir og ser kor stolte andre land er av maten sin. Lokalmat har blitt trendy, seier ho.