Hopp til innhold

Stoggar bilistar for å selge smykke

Politiet i Førde åtvarar publikum mot sju personar som på aggressivt vis prøver å selgje det dei seier er gullsmykke.

Politibetjent Gunnar Englund

Politibetjent Gunnar Englund åtvarar mot omstreifande smykkeseljarar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dei sju personane vart i dag sende ut av Førde kommune. Den eine er identisk med mannen som i førre veke vart bøtelagt for aggressive forsøk på å stogge bilar i Hordaland.

- Den eine bilen er ein sølvfarga BMW av litt større type, med tsjekkisk registreringsnummer. Den andre er ein mørk grønn Opel Vectra med polsk registreringsnummer, seier politibetjent Gunnar Englund.

Følgjer E39

Sjølv om personane i dag er sende ut av Førde, fryktar Englund at fleire kan bli utsette for aggressive salstriks på vegane. Den høvesvis nye salsmetoden er også nytta av smykkeselgjarar på Austlandet .

- Politiet veit at dei har reist frå Stavanger til Bergen, og hit i dag. Truleg reiser dei nordover retning Trondheim i dag. Folk får vere varsame med å stogge om dei seier at dei har problem, legg Englund til.

Stoggar på vegane

I samtale med politiet, har selgjarane erkjent at det ikkje er gull dei sel.

- Dei har forsøkt å selgje det dei oppgjev som gullringar. Dei har også gjort eit forsøk på å stogge bilar ute på landevegen med same framgangsmåte som var gjort i Bergen tidlegare i veka, seier Englund.

Gav 200 kroner

Politiet har i ettermiddag fått melding om fleire observasjonar av smykkeselgarane på E39. Også NRK har fått tips om selgjarane, mellom anna Jølster og Gloppen.

Ein tipsar fortel at han ved Vassenden på Jølster stogga med ein bil som stod med ope panser. To austeuropearar hevda å mangle drivstoff. Då vedkommande plukka fram ein hundrelapp, kom dei "uheldige bileigarane" med smykker i bytte mot endå meir pengar.