– Vegen har vorte strødd sidan midnatt, men vi har ikkje fått fleire meldingar om glatt veg, så no reknar eg med at vegen er trygg. Det seier operasjonsleiar i vest politidistrikt Olaug Holme.
Like over klokka 22 melde politiet på Twitter om oljesøl og glatt E39 gjennom Førde.
Ein bil køyrde av vegen i 17-tida i Halbrendslia. Fem timar seinare køyrde ein bil av vegen i rundkøyringa ved Extra, medan tre personar i 20-, 30- og 40-åra var til legevakt etter ei møteulukke i Halbrendslia.
– Store delar av E39 er glatt. Vi har fått fleire meldingar om glatt veg heilt til Svidal i Jølster, men vi veit ikkje eigentleg kor lang strekke som er glatt og kvifor, seier operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø, Marianne Føleide.
Vegen i Halbrendslia var stengd i ein halvtime før den opna for manuell dirigering. I 23.30-tida var vegen opna for fri ferdsle. Både politi og ambulanse har meldt tilbake til Vegtrafikksentralen om glatt vegbane.
Etter å ha køyrt strekka sette entreprenøren i gang arbeidet med å strø partiet på hovudfartsåra mellom Ålesund og Bergen.
Avstanden frå Halbrendslia til Svidal i Jølster er kring 2,5 mil.
– Våre folk kjenner ikkje diesellukt, så vi skjønar ikkje kva dette kan vere, sa vaktoperatør Ove Amundsen hos Vegtrafikksentralen i 23.30-tida.
– Kva kan de gjere i slike situasjonar?
– Vi kan strø for å absorbere det som gjer vegen glatt og vi går ut og åtvarar om redusert framkome grunna glatt veg. I verste fall kan vi måtte stenge vegen.