Hopp til innhold

Stengjer Filefjell i åtte veker

E16 over Filefjell blir stengd for all trafikk på vekedagane dei neste åtte vekene.

E16 ved Smedalsosen

STENGJER: Statens vegvesen skal ta ned skjæringa på venstre side. Dermed blir Filefjell vekestengd i åtte veker framover.

Foto: Statens vegvesen

Den 20. august startar det utfordrande sprengingsarbeidet på E16 ved Smedalsosen i Lærdal. Vegen vil vere stengd til 12. oktober.

– Vi skal sprenge ned ei skjering på kring 30 meters høgde. Det er litt dårleg fjell, bratt ned i elva og smal veg gjer det umogleg å gjennomføre vegarbeidet med trafikk på vegen, seier Oddvin Ylvisaker, prosjektleiar for E16 Filefjell.

Må stengje vegen

Punktet er mellom fleire som skal utvidast i samband med bygginga av E16 mellom Smedalsosen og Borlaug.

For å få tilstrekkeleg lange arbeidsperiodar vert vegen stengd frå måndag klokka 07.00 til fredag klokka 14.00, frå 20. august til 12. oktober.

– Vi ser ikkje anna måte å gjere det på enn å stenge vegen mest på grunn av tryggleiken for trafikantane, seier Ylvisaker.

Klar til oktober

Stenginga er lagt til seinsommar/haust for å ikkje ramme turisttrafikken for sterkt. Arbeidet må også vere ferdig før vinteren, fordi E16 over Filefjell til tider er einaste farbare veg mellom aust- og Vestlandet.

Sjølv om vegen opnar att i oktober, seier Ylvisaker at det framleis kan vere noko arbeid som står att. Dette kan ein likevel utføre med trafikk på vegen.

– Vi ventar at mesteparten turisttrafikk er ferdig kring 20. august, og i oktober er det vinteren som set inn. E16 over Filefjell er den fjellovergangen som er mest til å stole på, så då må vi ha den opna att, seier Ylvisaker.

Blir godt skilta

Ylvisaker seier det er godt med omkøyringsmoglegheiter med mellom anna Hemsedalsfjellet, Hallingdalen og Årdal-Tyin.

Skilt på Hønefoss, Fagernes, Tyinkrysset, Borlaugkrysset, Steinklepp, Fodnes ferjekai og Trengereid aust for Bergen vil åtvare trafikantane om vegarbeidet som går føre seg.

– Vi veit at dette vil bli ei utfordring for transportnæringa, ruteselskapa, reiselivsnæringa og dei som har dette som fast reisestrekning i arbeid og fritid. Men det må bli verre før det blir betre, avsluttar Ylvisaker.

Omkøyringsveg når E16 er stengd

OMKØYRING: Det finnast mange omkøyringsmoglegheiter når E16 blir stengd.

Foto: Statens vegvesen