Stenger på grunn av fare for ras
Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde vert stengd frå klokka 17 på grunn av fare for ras, melder Statens vegvesen. Ny vurdering klokka 08:30 sundag. Frå før er det varsla at fylkesveg 55 over Sognefjellet vert nattestengd på grunn av uvêr. Fjellovergangen kan også verte stengd på kort varsel på dagtid.