Hopp til innhold

Steinar vann fotballtippinga

Steinar Langedal frå Eikefjord gjekk heilt til topps i fotballtippinga til NRK Sogn og Fjordane.

Med 87 poeng vann han 3. divisjonstippinga denne sesongen. Dermed får han eit reisegåvekort på 5000 kroner.

- Litt flaks må til

Langedal har vore ein trufast tippar, og vore i toppsjiktet i alle åra vi har hatt fotballtippinga. Men han har aldri vunne konkurransen tidlegare. Langedal er nøgd med sigeren i år.

- Dette høyres bra ut. Det er like vanskeleg kvart år og litt flaks må til for å gå til topps. Det er artig å konkurrere når ein er interessert i fotball.

- Kor mykje tippar du?

- Eg har vore med på tippinga både hos NRK, Firda og Fjordabladet. Det går jo litt tid med til dette, for eg må jo halde meg oppdatert korleis det ligg an i dei forskjellige divisjonane.

- Har du bestemt deg kvar du skal reise?

- Det det veit eg enno ikkje, eg må tenkje på det.

Lisbeth vann Flaxlodd

Den beste i kvar serieomgang har fått 10 flaxlodd. Og den som har fått flest poeng når sesongen er slutt får altså eit reisegåvekort på 5.000 kroner.

Vinnar av siste serierunde vart Lisbeth Nyborg frå Båstad. Ho var den einaste med seks rette i den 22. runden.

Her er lista over dei beste fotballtipparane denne sesongen:

  • 87 poeng: Steinar Langedal
  • 86 poeng: Snorre Klungsøyr og Ole Morten Kvam
  • 83 poeng: Idar J. Skogli og Odd Eriksen
  • 81 poeng: Kjetil Fristad
  • 79 poeng: Jon Rauset
  • 77 poeng: Stig Høynes