Hopp til innhold

Stein trefte bil på fylkesveg

Ein bil køyrde i fjellveggen etter å ha blitt treft av ein stein på fylkesvegen mellom Førde og Askvoll.

Bilen blei henta av bilbergar etter steinspranget.
Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Vegen er opna for fri ferdsle etter raset, det er ikkje meldt om personskade etter ulykka.

– Stein har kome ned frå fjellsida og treft ein personbil, meldte Vegtrafikksentralen.

Politiet fekk melding rett før klokka 13:00 om at ein bilførar hadde fått stein ned over fronten på bilen.

Steinen traff panseret og frontruta på bilen.

– Føraren fekk meldt ifrå og kom seg vekk frå staden, seier innsatsleiar Joachim Malterud ved Vest politidistrikt.

Mellom 30 og 40 kg

– Føraren anslår steinen til å vere mellom 30 og 40 kilo, fortel operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

Politi, ambulanse, bilbergar og entreprenør blei sendt til staden. Entreprenøren vurderte forholda og opna vegen rett etter klokka 14:00.

Føraren var åleine i bilen og er fysisk uskadd men oppskaka etter hendinga.

– I forfjamsinga hamna bilen i grøfta og i fjellveggen, fortel Hellesund.

Kjend rasstrekning

Ulykka skjedde på Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde. Pendlarar har i årevis bedd om at den skal bli utbetra.

I periodar med nedbør og vinterstid har vegen blitt stengd over lengre periodar. Strekninga er svært rasutsett og har i lang tid vore planlagt utbetra.

Vestland fylkesting har løyvd nær 800 millionar til å bygge ein tunnel forbi staden.

– Dette kunne gått verre så slik sett har han vore heldig og vi er glad for at det ikkje er alvorleg personskade, seier operasjonsleiaren om føraren.

Vegen opna for fri ferdsle etter halvannan times stenging.