Hopp til innhold

Stavkyrkje har vore tildekt i to år

I 2011 vart restaureringsarbeidet på Undredal stavkyrkje sett i gang. Sommaren 2013 står kyrkja framleis innpakka av stillas og presenning, til innbyggjarane og turistane si fortviling.

Undredal stavkyrkje under restaurering

TILDEKT: Slik har kyrkja stått sidan 2011. No meiner innbyggjarane det er på tide at stillaset forsvinn.

Foto: Birger Meland / NRK

At Riksantikvaren har sponsa restaureringa gjennom Stavkyrkjeprogrammet er noko både innbyggjarane i Undredal og turistane set pris på. Men no har gått to år sidan dei har sett kyrkja skikkeleg utanfrå, eit syn som er sakna.

– Det var eit stort arbeid som skulle gjerast, men vi hadde aldri trudd det skulle ta så lang tid, seier handelsmann og turistvert i Undredal, Leif Inge Underdal.

Har skapt økonomiske tap

– Undredal guideservice som driv guidinga her hadde ikkje drift i fjor fordi kyrkja var stengd grunna restaurering. Og det var eit stort økonomisk tap for dei, fortel han.

Underdal rosar Riksantikvaren for å ha gjennomført eit så stort restaureringsarbeid, men no vil han sjå kyrkja utan presenning og stillas rundt.

– Det var viktig for å bevare dette bygget for framtida. No er den løfta om lag 30 centimeter opp frå bakken så vidt eg veit, og dermed mykje betre sikra mot rotning av rammeverk. Så det er eit kjempebra arbeid, men at det skulle dra så langt ut som no, det verkar veldig rart. Kyrkja var teken i bruk før jul, så då var ho ferdig restaurert og all montasje var gjort innvendig, så dette er litt seint no synest eg, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Undredal stavkyrkje under restaurering

USYNLEG KYRKJE: Det er ikkje godt å sjå at dette er ei stavkyrkje om du ikkje veit at den står der.

Foto: Birger Meland / NRK

Vil vise fram kyrkja

Jeanette Mangaar er guide i stavkyrkja. Også ho meiner det er på tide å vise fram kyrkja i sin fulle prakt.

– Eg skulle gjerne ønske turistane kunne sjå kyrkja utan stillaset for det er viktig å kunne vise fram det klenodiet som vi har her i bygda. 22. juli skal det vere bryllaup her og då håpar vi at det står klart, seier ho.

Også turist Leif Jonny Næss frå Haugesund møtte eit skuffande syn då han etter 50 år kom tilbake til Undredal.

– Eg hadde håpt å få sjå kyrkja igjen, så det var skuffande. Eg har også med meg ein tysk turist som ville sjå den, men vi får heller komme igjen, seier Næss.

(Artikkelen held fram under biletet)

Undredal stavkyrkje under restaurering

LEI AV Å VENTE: Framme til venstre: Leif Inge Underdal, handelsmann og turistvert. Jeanette Mangaard, guide og bak til høgre, turist Leif Jonny Næss frå Haugesund.

Foto: Birger Meland / NRK

Og innbyggjarane håpar at det snart vil bli ei flott stavkyrkje å vise fram igjen i bygda.

– No har det gått vinter og vår og haust, og vinter igjen, så no må det bli ferdig synest eg. Men så vidt eg kan sjå så er det ingenting som står igjen, men det får dei som har ansvaret for prosjektet svare for. Det kunne blitt greitt å bli orientert no om korleis stoda er, seier Underdal.

Stillaset forsvinn snart

Kyrkjeverje i Aurland Monica Finden, har full forståing for at innbyggjarane i Undredal ønskjer å få fekk stillaset, og seier at det er eit ønske som snart vil oppfyllast.

– No er det bygningsmessige ferdig. Vi hadde sluttsynfaring i dag med Riksantikvaren og snikkar, og no er alt i orden utvendig. Eg har gitt klarsignal til BT Stillas om at dei kan ta vekk stillaset og presenningen, noko eg trur er til glede for innbyggjarane og turistane i Undredal. Det som står att er innvendig dekor. Det arbeidet skal startast på 17. juni, seier Finden.

– Heldige

Ho vedgår at restaureringa har teke tid, men seier at det er mykje som er gjort. Ho meiner også ein skal vere glad for at Riksantikvaren har gjennomført restaureringa.

– Eg tenkjer at vi er heldige som har fått teke alt som er naudsynt på kyrkja utan å betale noko lokalt. Det er Riksantikvaren som tek alt gjennom Stavkyrkjeprogrammet, og det er ganske stor kostnad, seier Finden.

Alt naudsynt på materiell er restaurert og i tillegg er kyrkja heva med 30 centimeter og måla.

– Det er sjølvsagt ei ulempe at dei mista fjorårets sesong med turistinntekter og slikt, men dei skal i alle fall få denne sesongen fullt ut.