Det er lysegult og klissete, og du har heilt sikkert vore borti det om du har dradd opp eit tau frå fjorden eller sjøen.
Dette er tunikaar, eller sekkedyr, og dei lev i store mengder i sjøen. Dei får næring av det som flyt forbi. Sekkedyra pumpar bakteriar og andre mikroorganismar inn i den eine enden, og sender det ut at i andre enden som heilt reint vatn.
Og dette dyret, som har irritert fiskarar og anna båtfolk i århundre, kan bli starten på eit nytt norsk oppdrettseventyr.
Kan brukast til biodrivstoff
Ideen om å avle dyret og bruka det til fôr for laks og drivstoff på tanken kjem frå Biologisk institutt ved Universitetet i Bergen og UNI Research.
I Hjeltefjorden i Øygarden utanfor Bergen har forskarane lukkast i å skapa tunikat-farmar. Dei har lagt ut tau i fjorden som sekkedyra festar seg til heilt av seg sjølve.
– Denne farmen er unik. Det finst to slike i verda, seier forskingsleiar Christofer Troedsson i UNI Research, medan han haustar avlingane.
På ein slik kvadratmeter havfarm, får forskarane 500 kg sekkedyr. Og dei kan brukast til så mangt. Dei består av 60 prosent protein, og forskarane ser altså for seg å bruke dei til dyre- og laksefôr, samt biodrivstoff.
– Stort potensial
– Potensialet er veldig stort, for dette er ikkje organismar som berre finst her i Øygarden. Desse finst i heile Noreg og i heile verda, seier Torolf Magnesen, professor i havbruk ved Universitetet i Bergen.
Mesteparten av sekkedyr-åkeren er betalt for av Norsk Forskingsråd. Dei trur det er ein god investering.
– Det kan bli moglegheiter for ei ny næring. Ein kan produsere cellulose her, og ein har eit marinprotein som det er sterkt underskot på i fôrbransjen, forklarar Ulf Visur Syversen, seniorkonsulent i Norsk Forskingsråd.
- Les meir om prosjektet på Forskingsrådet sine heimesider: – Ingen hadde tenkt på det
Vil lage fleire farmar
Det er umogleg å dyrke så mykje biomasse på så kort tid på land. Vel i hamn vert sekkedyra pressa for vatn, og så sendast dei vidare for å foredlast som pulver.
Om dyr og fisk vil ete det, vil forskarane opprette eit selskap som skal drive farmar i stor stil.
– Det er gøy kvar einaste dag. Tidleg opp, seint i seng og utsliten. Men kjempegøy. Her er det mange hemmelegheiter vi enno ikkje har funne ut av, så det blir nok enno kjekkare i framtida, seier ein engasjert Magnesen.