Hopp til innhold

– Bergen skal tilbake på metalkartet

Yngve Bolt Christiansen vil trekkje metalfans frå heile verda til Bergen med den nye festivalen Blastfest.

Yngve Bolt Christiansen, blastfest

MEIR METAL: Yngve Bolt Christiansen er mannen bak Bergen sin nye metalfestival.

Foto: Pål Laukli

Mayhem

KJEM: Mayhem spelar på Blastfest i Bergen i februar.

Foto: Per Ole Hagen / NRK
INFERNO-FESTIVALEN

BEKREFTA: Carpathian Forest er også bekrefta til festivalen.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / NTB scanpix

– Dette er noko eg har drøymt om lenge, og no er rett tid komen, seier grunnleggaren av festivalen, Yngve Bolt Christiansen.

Triptykon, Mayhem, Carpathian Forest og Shining er mellom banda som er bekrefta til festivalen, som startar i februar 2014. Konsertane skjer på Garage og på USF Verftet.

Tomrom etter Hole in the Sky

– Vi kjem til å sleppe nye band fortløpande dei neste åtte vekene. Det er store namn for dei som likar metal, seier Christiansen.

I 2011 mista Bergen den store metalfestivalen Hole in the Sky.

– Det blei eit tomrom då den forsvann. Eg har lyst på meir metal i Bergen, og dette kan vere ein måte å få Bergen tilbake på metalkartet, seier Christiansen.

Vil gjere Blastfest fast

Festivalgrunneleggaren jobbar sjølv for bookingselskapet Blastphemy Production og spelar i Blood Red Throne.

Dei største konsertane vil gå føre seg på USF Verftet, der kan dei selje 1300 billettar. Christiansen ønskjer å gjere festivalen til fast inventar i metalkalenderen.

– Folk synest der er kult og likar iniatitivet, så vi håpar å arrangere Blastfest kvart år. Økonomisk sett er hovudmålet å tene nok til ny festival året etter. Så lenge eg ikkje står i fare for å miste huset og slikt, så held vi fram, seier Christiansen.

Ønskjer seg dårleg vêr

Det kan virke vanskeleg å lokke folk til regnbyen Bergen i vintermånaden februar, men tidspunktet er langt frå tilfeldig.

– Eg ønskjer ikkje å øydelegge for andre. Heile sommaren er full av gode festivalar, så februar passa bra. Dessutan treng vi ikkje godt vêr og ønskjer sludd og kulde velkomen. Det er ekte norske vêr, ler Christiansen.

Han er ikkje nervøs for at festivalen skal floppe.

– Det er lyst og lidenskapen for metal som ligg bak heile festivalen. Vi gjer slik vi vil, så får det gå som det går. Det einaste eg er nervøs for er å øydeleggje for andre festivalar eg likar, seier Christiansen.