Hopp til innhold

Starta gransking etter eksplosjon

Politiet har i dag starta arbeidet med å finne ut kva som skjedde då det eksploderte i ein kraftstasjon i Aurland natt til laurdag.

Ved tunnellinngangen der ulukka skjedde

ULUKKE: Det var inne i denne tunnelen på kraftstasjonen til E-CO Energi i Aurland ulukka skjedde.

Foto: Arne Veum

Både leiinga i E-CO Energi, politiet, Arbeidstilsynet og Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap var i dag på plass ved kraftstasjonen, skriv Sogn Avis.

Ein 63 år gammal mann vart send til Haukeland universitetssjukehus med kritiske skader etter eksplosjonen. Mannen skulle sjekke ein feil på ein brytar inne i kraftstasjonen, og var åleine på staden då ulukka skjedde i 01-tida om natta. Han kom seg sjølv ut av området og fekk varsla om hendinga.

Informasjonssjef i E-CO Energi, Per Storm-Mathisen, seier til NRK.no at selskapet sjølv vil gjere sine undersøkingar for å finne ut meir om hendinga.

– Vi vil evaluere om rutinar og planar er følgde slik dei skal. Det er ingenting som tyder på at det er gjort noko gale, men vi er nøydde til å sjå om rutinane er gode nok, seier Storm-Mathisen til NRK.no.

Han seier vidare at dei ikkje har fått noko signal om kor tid politiet vil ha klar ein konklusjon i saka.