No vil bedrifta ha hjelp av Aurland kommune til å sikre kaien, seier driftsleiar Vegard Løvø. Dei vil ha ein dialog med kommunen og sjå om dei kan gjere nokon tiltak saman.
Årvisst ras
Det var laurdag snøraset kom og stengde vegen til Bakka, og dekte ein tredel av kaien til Gudvangen Stein og heile området der dei mellomlagrar steinen. I fylgje Sogn Avis har inngrep i fjellsida gjort at dette årvisse snøraset blir smalare og er meir retningsstyrt.
Laurdag nådde det altså kaiområdet i Gudvangen. Og det gjer at Gudvangen Stein ikkje tek sjansen på å ha arbeidsfolk i området. - Vi kan ikkje ta i mot båtar før det er sikkert for ras. Derfor må vi kjøre på lager i den grad vi har plass til stein oppe i gruva, seier Løvø.
Avventar vegvesenet
Og enno er det litt uvisst når dei kan ta oppatt arbeidet på kaia i Gudvangen. Så lenge det er rasfarleg vil ikkje vi arbeide på kaia. Dei avventar no vegvesenet når dei opnar vegen til Bakka. Når det skjer byrjar vi og å rydde kaiområdet for snø.